Hopp til innhold
X
Innhald

Sandvik Sko AS

Sandvik Sko si forretning i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sandvik Sko si forretning i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sandvik Sko AS i Sogningen Storsenter er ei skoforretning som har opphavet sitt på Årdalstangen, der brørne Kristoffer og Ingvald Høyum starta skobutikk i 1949.

I 1964 starta dei filial i Øvre Årdal, der systersonen Sigurd Sandvik vart styrar. Han starta skobutikk i Sogndal i 1987.

Avdelinga på Årdalstangen vart lagt ned i 1994, medan forretninga i Øvre Årdal er ei av fleire forretningar som etter kvart kom til: I Gaupne 1985, Gol i 2000, og ei parfyme- og helsekostforretning i Sogningen Storsenter i 2002.

Firmaet sysselset i 2003 14 personar. Sonen til Sigurd Sandvik, Geir Arve Sandvik, tok over som dagleg leiar frå 1985.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2011