Hopp til innhold
X
Innhald

ScanWafer

ScanWafer fekk sterk statleg støtte til å starte ein ny fabrikk i Årdal, men valde å ikkje realisere planane sine.

Scan Wafer er ein av dei største produsentane av solcellepanel i verda, og vart grunnlagt av Alf Bjørseth, tidlegare teknisk direktør i Elkem, og Reidar Langmo. ScanWafer starta den første produksjonen i Glomfjord i 1996 – med sterk støtte frå SND. Seinare er det bygd fabrikkar på Herøya og i Narvik. Hovudkontoret ligg på Høvik. I 2004 hadde selskapet over 600 tilsette.

Frå 2004 er ScanWafer fullt og heilt eigd av Elkem-konsernet.

Dørfabrikken Dooria er bygd på tomta som ScanWafer skulle ha etablert seg på. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dørfabrikken Dooria er bygd på tomta som ScanWafer skulle ha etablert seg på. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berg og dalbane

I samband med nedtrapping av almuminiumproduksjonen i Årdal vart det arbeidd med planar om å starte ein solcellefabrikk på Årdalstangen med kring 250 tilsette. Fabrikken skulle koste 1,5 milliardar kroner. Men planen til ScanWafer vart ikkje realisert. I staden kom NorSun AS inn i biletet og bygde fabrikk på Årdalstangen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011