Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Anderson Øren

I dag er det Rimi-kjeden som driv i dei utvida lokala der Øren starta i 1865.

I dag er det Rimi-kjeden som driv i dei utvida lokala der Øren starta i 1865.

Sjur Andersson Øren starta landhandel på Farnes i Øvre Årdal i 1865. Då Sjur Andersson Øren starta landhandelen hadde bygda vore utan handelsmann i 115 år (sjå Årdal Koparverk om Peder Rønnei øvst under «Industri og næring i Årdal»).

I 1908 tok sonen Ola Øren over butikken, og kjøpte i 1927 eit stort forretningsbygg då Alberts Sollesnes avvikla si forretning. Då tredje generasjon Øren tok over, fekk firmaet namnet Ola. S. Ørens Sønner A/S , og forretninga hadde hus i «Sjur-Ola-Bui» som den vart kalla på folkemunne. Forretninga er no leigd ut til RIMI-kjeden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008