Hopp til innhold
X
Innhald

Skipskanalen

Kart over kanalplanane i Årdal frå nettsida ”Nordens alla kanalar”.

Kart over kanalplanane i Årdal frå nettsida ”Nordens alla kanalar”.

På 1890-talet vart det lansert nye kanalplanar av heilt andre dimensjonar enn den smale båtrenna frå 1860-talet: No var det aktuelt å byggje veg Årdal-Valdres. Men å byggje veg i dei stupbratte fjellsidene langs Årdalsvatnet var utenkjeleg. Ein skipskanal med sluser frå fjorden og opp i Årdalsvatnet ville vere løysinga. Då kunne Fylkesbaatane segle opp kanalen og heilt til Øvre Årdal.

Vegdirektør Krag sette ingeniør P. Klem på oppgåva: Klem la fram to alternativ: Ein sju meter brei og tre meter djup kanal - eller ein med 10 meters breidd og fire meters djupne. Sluser kunne ein unngå ved å senke Årdalsvatnet og likne ut høgdeforskjellen til fjorden.

Skipskanalen vart særleg aktuell etter at A/S Tyinfaldene tok til å planleggje storindustri i Øvre frå 1906.

Dei største båtane som har trafikkert Årdalsvatnet er lekterar som verket hadde i beredskap i tilfelle vegen skulle bli stengd over eit lengre tidsrom. Det vart montert kran ved vatnet på Årdalstangen for å laste og losse lekterane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei største båtane som har trafikkert Årdalsvatnet er lekterar som verket hadde i beredskap i tilfelle vegen skulle bli stengd over eit lengre tidsrom. Det vart montert kran ved vatnet på Årdalstangen for å laste og losse lekterane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kanalplanane førde til sterk strid mellom Øvre og Tangen i 1914: Dei i øvre ynskte kanal, medan folket på Tangen ikkje ville byggje om Hæreidselva til skipskanal. Det kom likevel så langt at det i 1919 vart halde skjøn, der ein rekna ut grunnerstatningar for grunnkjøp og skade som reguleringane kring skipskanalen ville føre til. Men nedgangstidene på 1920-talet sette ein bom for både industriplanar og skipskanal til Årdalsvatnet. Under 2. verdskrig vart det også vurdert skipskanal til Årdalsvatnet, men i staden vart det satsa på jernbane og veg.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.04.2011