Hopp til innhold
X
Innhald

Skogsdrifta og Ofredalssaga

Saga i Indre Ofredal står framleis, men er prega av forfall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Saga i Indre Ofredal står framleis, men er prega av forfall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei ranke fureskogane i Ofredal på nordsida av Årdalsfjorden la grunnlaget for nokre av dei eldste sagbruka i Sogn og Fjordane.

Midt på 1600-talet er det to sagbruk i Ofredal, og ein av dei som eigde skog og dreiv sag var presten Christen Ålborg i Lærdal ca. 1650. Frå same tid vart det hogge «spirar» - d.v.s. mastreskog i Ofredal. Når mastefurene skulle til sjøs, var opptil 25 mann med på «spiredraging». Vanleg tømmer vart fløyta i elva ned til fjorden og sagbruket.

Innover i Ofredalen er det eit stort skogsområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innover i Ofredalen er det eit stort skogsområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den beste skogen var på 1600- og 1700-talet eigd av dei rikaste slektene i indre Sogn, og familienamn som Heiberg, Nagel og Ørbech går att i matrikkelen. Då Årdal Koparverk starta i 1702, hadde det trong for store mengder trekol til malmsmeltinga.

Verket fekk m.a. hand om store skogvidder i Ofredal og i Vettismorki. Frå Vettismorki vart tømmeret fløytt utfor Vettisfossen og vidare ned Utla til smeltehytta på Farnes i Øvre Årdal. Mykje av skogane som koparverket rådde over vart i 1771 og i ti-åra etter selde. På nytt er det «pengefolk» frå slekter som von Krogh, Fasmer, Kramer og Falch som eig Årdals-skogen. Løytnant Melchoir Falch dreiv store sagbruk både i Ofredal og i Kvitingsmorki på sørsida kring 1800.

Men i den avsides Vettismorki fekk den storvaksne furuskogen stå urørd frå 1734 til kring 1855. Då tok Endre Offerdal opp att skogsdrifta, og dreiv fram til 1890.

Vassrenna til sagbruket er intakt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vassrenna til sagbruket er intakt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I «Morki» arbeidde fem-seks mann kvar vinter. Tømmeret drog dei på kjelkar fram til Vettisfossen. Der dei slepte det utfor gjennom ei trerenne som hindra at tømmeret vart slege sund mot berget. Om våren vart tømmeret fløytt ned elva og frakta til saga i Ofredal. Det vert fortalt at furutrea i Vettismorki kunne måle opptil 5,60 meter rundt stammen.

Sjølv om oppgangssaga i Ofredal var den største i mils omkrins, måtte dei største stokkane frå Vettismorki kløyvast i fire før saga rådde med dei. På saga i Ofredal arbeidde jamnt fire mann, men nokre år vart det drive med sju mann og to skift. Endre Offerdal eigde også tre jekter som m.a. vart brukt til transport av skurlasta til marknaden i Bergen. Det vart også eksportert skurlast frå Ofredal til Nederland.

Ofredalseigedomen er dei siste åra restaurert, og planen er å ta vare på både sag og mølle som museum.

Det store hovudhuset i Indre Ofredal vitnar om at skogen gav eigarane gode inntekter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det store hovudhuset i Indre Ofredal vitnar om at skogen gav eigarane gode inntekter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2010