Hopp til innhold
X
Innhald

Skrivarhelleren

Frå utgravinga under Skrivarhelleren i 2013. Til høgre øvst ein bit av bronse, i midten trueleg ein del av ei støypeform, og nedst ei dekorert perle av bein. Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren.

Frå utgravinga under Skrivarhelleren i 2013. Til høgre øvst ein bit av bronse, i midten trueleg ein del av ei støypeform, og nedst ei dekorert perle av bein. Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren.

I nyare tid er det gjort viktige funn frå yngre steinalder, bronsealder og jernalder i Skrivarhellaren som ligg i Moadalen mellom Holsbru og Biskopvatnet. Reiskapsfunna fortel at hellaren har vore i bruk i samband med jakt og veiding. Den har også vorte nytta til ei slags form for seterdrift.

Det var utgravingar under Skrivarhelleren i 1984 og i 2013. Ved den siste utgravinga vart det gjort funn som tyder på at det vart støypt kopar der mellom 2400 og 1800 år før Kristus. Det vart og funne seks bitar av bronse, støypeformer og ein støypeplass. Arkeologiprofessor Christopher Prescott seier funna minner mykje om funn i Spania, Portugal, Irland og Storbritannia. Han meiner det tyder på at folk flytta meir på seg i Europa på den tida enn det ein tidlegare har trudd.

Bit av bronse funnen under Skrivarhelleren i 2013. Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren.

Bit av bronse funnen under Skrivarhelleren i 2013. Foto: Arkeologi i Skrivarhelleren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.08.2013