Hopp til innhold
X
Innhald

Sognefjord Transport og Spedisjon AS

vart skipa i 2001 av Olav Søndrol då han overtok spedisjonsavdelinga som det sveitsiske firmaet Hangartner dreiv i Årdal.

Hangartner dreiv berre med innleigde bilar. Sognefjord Transport baserte seg den første tida i stor mon på køyreoppdrag for Hydro, men har sidan hausten 2002 hatt aukande oppdrag for Posten Norge. I 2005 var 18 av dei i alt 25 vogntoga knytte til posttransport. Verksemda hadde i 2004 vel 51 millionar kroner i omsetning og 30 tilsette, men vart slege konkurs i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.12.2009