Hopp til innhold
X
Innhald

Som eit bombekrater!

Frå bygginga av fjellhallen som skulle huse kraftstasjonen til Tyin kraftverk i 1942. Kraftstasjonen var så godt som ferdig då tyskarane måtte forlate Årdal i 1945. Foto: Nordag. Eigar: Hydro Aluminium.

Handelen mellom Hydro og Nordag skjedde formelt i oktober 1941, men alt i februar same året hadde okkupantane starta rigging av brakker i Øvre. Dei forserte sterkt vegarbeidet mellom Tangen og Øvre, og hadde opptil 500 mann i arbeid for å få vegen ferdig.

Kraftstasjon i fjellhall

Tyinfaldene sin kraftstasjon låg ute i dagen, men no bygde tyskarane ny og bombesikker kraftstasjon inne i fjellet. Før året var omme, var fundamenta til to store elektrolysehallar i Øvre Årdal ferdige.

Såg ut som det var bomba!

På få veker vart den trange dalen omgjort til ein enorm byggjeplass. Kring kaia på Årdalstangen såg det ut på same måten. Det vert sagt at då allierte fly vart sende til Årdal for å bombe fienden sine halvferdige fabrikkar, gjorde dei vendereis til England utan å ha sleppt ei bombe. Flygarane fortalde at det var ingen ting att å bombe i Årdal, for slik det såg ut der nede, måtte det ha vore bomba før!

Årdalstangen i 1947. Det kan sjå ut som staden har vore utsett for bombeåtak. Det var ikkje tilfelle, bortsett frå at allierte fly sleppte bomber mot eit skip i 1945. Det var så langt tyskarane kom med byggjearbeidet sitt då dei måtte kapitulere. Foto: Aase Udberg. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.04.2011