Hopp til innhold
X
Innhald

Statseigedom - og kva no?

Årdal verk i Øvre Årdal i 1949. Då var drifta godt i gang. Foto: Øiensvold. © Årdal Sogelag.

Årdal verk i Øvre Årdal i 1949. Då var drifta godt i gang. Foto: Øiensvold. © Årdal Sogelag.

Då freden kom i mai 1945, var reguleringa på fjellet og det meste av kraftstasjonen ferdig. I Øvre Årdal var alle omnane i den eine hallen ferdige, medan den andre hallen stod klar for montering av omnar. På Årdalstangen var den store djupvasskaien på 200 meter ferdig, medan berre fire omnar var monterte i oksydfabrikken.

Jernverk eller bilfabrikk?

Direktoratet for fiendtleg eigedom overtok alle anlegga. Dermed var Staten eigar i Årdal. Men kva skulle ein bruke dei halvferdige anlegga til? Idear om å bruke Tyin-krafta til jernverk anten i Årdal eller ved Oslofjorden var framme. Stortingsmann Elias Faleide tok til orde for bilfabrikk i Årdal!

«Får de aldri nok der aust?»

Det «farlegaste» alternativet sett frå Årdal var offensiven frå kraftsamkøyringa på Austlandet, som i august 1945 ville overta Tyin-krafta og bruke den og Austlandet. Dette provoserte sogningane: Stortingsmann Per S. Hjermann sette ord på harmen: «Får de aldri nok der aust?»

Den rikspolitiske striden om Årdal og Tyin-krafta var i gang. Dette skulle bli ein av dei hardaste politiske stridane i åra like etter krigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.04.2011