Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Lægreid

Steinar Lægreid.

Steinar Lægreid.

Steinar Lægreid, fødd 1945 på Årdalstangen. Mållagsleiar og kultursjef.

Under studietida (statsvitskap og sosiologi) var Lægreid leiar av studentmållaget i Oslo og leiar av aksjonsnemnda for DH-skular. Aksjonsnemnda hadde stor innverknad på at mange distriktshøgskular på 1970-talet vart lokaliserte i bygdemiljø - m.a. distriktshøgskulen i Bø i Telemark.

Lægreid har vore leiar i Sogn Mållag, og var leiar i Noregs Mållag 1971-1973. Journalist i Nynorsk Pressekontor og redaktør der i 1985. Steinar Lægreid var kultursjef i Årdal frå 1977 til 2010, då han gjekk av med pensjon. Tillitsverv i Norsk Kulturforum og Norsk Kommuneforbund.

Medforfattar av jubileumsboka "Årdal - kamp, krefter og kunnskap" (Skald Forlag 2010).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011