Hopp til innhold
X
Innhald

Sterk dugnadsånd

Frå Folkevegen til Vetti, som vart bygd på dugnad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Folkevegen til Vetti, som vart bygd på dugnad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit særtrekk ved industrisamfunnet Årdal har vore den sterke dugnadsånda. Det vart tidleg ein tradisjon i etterkrigstidas Årdal at sjølvbyggjarar som reiste sin eigen bustad fekk hjelp av arbeidskameratar til tomtearbeid og husbygging. Dugnadsfolk frå denne tida seier gjerne i skjemt at for å få bygd sitt eige hus, måtte dei kvittere med husbygging for andre i årevis etterpå.

Symjebassenga på Tangen og i Øvre vart for det meste bygde på dugnad. Det same vart idrettsplassar, lagshytter og andre idrettsanlegg.

Folkevegen til Vetti på dugnad

Den 4,5 kilometer lange vegen frå Hjelle til Vetti gard vart til etter fem års dugnadsinnsats, og vert med rette kalla Folkevegen. 1500 årdøler teikna seg til dugnad. Dei bygde mellom anna fire bruer over Utla, og etter 50.000 dugnadstimar i ulendt terreng kunne vegen opnast i 1977. Jan B. Paulsen tok initiativet og var ei eldsjel i dugnadsarbeidet, og har elles vore kjend som ein aktiv forkjempar for fleire viktige veg- og tunnelprosjekt i indre Sogn.

Musikken frå Beatles-prosjektet i Årdal vart gitt ut på cd.

Musikken frå Beatles-prosjektet i Årdal vart gitt ut på cd.

Store musikkprosjekt

Store musikkprosjekt

I 1992 gjekk fleire lag og organisasjonar i Årdal saman i det store «Beatles-prosjektet», ein kabaret basert på Beatles sine kjende melodiar. Ialt 170 songarar og musikarar frå 10 til 82 år deltok.

Seinare sette Årdalsfolket opp cabareten «Frå Chaplin til Elton John». Denne vart m.a. plukka ut som Sogn og Fjordane sitt hovudbidrag til «Kulturby 2000» i Bergen, og vist fram under opninga med kong Harald til stades. I 1999 fekk «Årdals-prosjektet» Fylkeskulturprisen. Bjarne Øren og Jan Roger Øren har stått sentralt i den musikalske tilrettelegginga av projekta.

Båthamna i Saltviki er eitt døme på dugnadsprosjekt i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båthamna i Saltviki er eitt døme på dugnadsprosjekt i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Kultur og organisasjonsliv i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.05.2011