Hopp til innhold
X
Innhald

Støtte til skulehus på Farnes og Tangen

Gamle Farnes skule vart bygd i 1918 ved hjelp av lån frå A/S Tyinfaldene. Bygningen har dei siste åra husa kommunale kontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle Farnes skule vart bygd i 1918 ved hjelp av lån frå A/S Tyinfaldene. Bygningen har dei siste åra husa kommunale kontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A/S Tyinfaldene gav kommunen eit rentefritt lån på til saman 50.000 kroner då skulehusa på Farnes og Tangen vart bygde i 1918 og 1921.

Byggmeister for skulehusa var Ola Hestetun, som og bygde Lærdal sjukehus. Tangen fekk ny skule i 1955, og den gamle vart ombygd til helsehus. Nyeskulen fekk tilbygg i 1967 med m.a. symjehall og andre spesialrom.

Farnes skule fekk nybygg i 1956, og i seinare byggjesteg i 1961 fekk skulen m.a. gymnastikksal med scene og garderobar som stetta Riksteatret sine krav. I 1962 vart symjehallen opna.

Gamle Tangen skule. Bygningen vart frå 1955 brukt som helsehus, men vart riven då det skulle byggjast ny sjukeheim. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Gamle Tangen skule. Bygningen vart frå 1955 brukt som helsehus, men vart riven då det skulle byggjast ny sjukeheim. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2009