Hopp til innhold
X
Innhald

Strenge konsesjonsvilkår - men mild praksis

Ved  gamlevegen mellom Årdal og Tyin er det mange spor etter den langvarige kraftutbygginga til Tyinfaldene. Her ser vi murane etter to brakker. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved gamlevegen mellom Årdal og Tyin er det mange spor etter den langvarige kraftutbygginga til Tyinfaldene. Her ser vi murane etter to brakker. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då regjeringa seinare på året gav endeleg klarsignal, stilte Staten vilkår til A/S Tyinfaldene om norsk styredominans, og at arbeidarar og funksjonærar skulle vere norske. Staten kravde at anleggsarbeidet skulle starte innan 1913 og vere fullført innan 1920.

Dessutan skulle Staten vederlagsfritt kunne overta alle kraftanlegga etter 80 år. Dette var til då dei strengaste konsesjonsvilkår i Noreg. Men eigarinteresser og skiftande verdskonjunkturar la i Årdal, som elles i landet, sine eigne premissar for utviklinga på tvers av ideelle nasjonale mål:

Utbygging av kraftanlegga starta i 1910 og gjekk i rykk og napp heilt fram til slutten av 1930-talet. Storindustri såg Årdal lite til før Staten overtok tyskarane sitt halvferdige aluminiumsverk i 1946. Og då Staten skulle overta kraftverka etter 80 år i 1988, fråfall Staten kravet om «heimfall», og Hydro fekk overta eigedomar og rettar.

Den same utviklinga finn vi i Høyanger, der aluminiumsverket dei første åra var på norske hender. Då krisa sette inn etter 1. verdskrig, overtok eit amerikansk selskap kontrollen over fabrikken i Høyanger.

Utviklinga innan oppdrettsnæringa er svært lik: Medan ein på 1970-talet berre delte ut oppdrettskonsesjonar til små anlegg som skulle vere tilleggsnæring til folk i utkantane, har ulike kriser ført til stordrift der verdsomspennande fiskeriselskap eig det meste. Såleis vart eit av dei største norske oppdrettselskapa, Hydro Seafood i år 2000 seld til eit nederlandsk selskap.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2011