Hopp til innhold
X
Innhald

Striden om konsesjon og panikklovene

Gunnar Knudsen.

Gunnar Knudsen.

Gunnar Knudsen (1848-1928) vart den sentrale personen i den harde striden om konsesjonslovene frå 1890-talet til 1917.

Knudsen kom inn på Stortinget for Venstre i 1892. Som ingeniør og industrigründer skjøna Knudsen kva enorme verdiar som låg i den norske fossekrafta, og kvifor store utanlandske industriselskap på 1880-talet nærmast kappsprang kringom i bygde-Noreg for å sikre seg fallrettar. Han ville stoppe denne utflagginga av ein av våre største naturressursar, og starta straks han kom på Stortinget kampen for konsesjonslover som skulle sikre norsk eigarskap til fossekraft, mineralar og skog.

Gunnar Knudsen vart etter kvart både statsråd og statsminister, og fekk med seig kamp igjennom dei første omfattande konsesjonslovene kring 1906. På folkemunne vart dei kalla «panikklover». Konsesjonslovene vart forsterka i 1908 og 1917. Striden om konsesjonslovene førde til kløyving av hans eige parti Venstre.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2011