Hopp til innhold
X
Innhald

Sunde Gjenvinning AS

Sunde Gjenvinning AS i Utladalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunde Gjenvinning AS i Utladalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunde Gjenvinning AS vart starta i 1990 i Øvre Årdal av Jens Vidar Sunde. Verksemda tek imot produksjonsavfall og anna avfall frå heile Indre Sogn, hadde i 2001 14 tilsette og ei omsetning på 16 millionar kroner. I 2010 vart selskapet slege konkurs. Sunde Gjenvinning hadde då 25 tilsette.

Jens Vidar Sunde kjøpte att konkursbuet og starta eit nytt selskap, Sunde Resirk AS.

Ein av bilane til Sunde Resirk AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av bilane til Sunde Resirk AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011