Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Johan Juvik

Sverre Johan Juvik fødd 1922 i Hemnes i Nordland, busett i Årdal. Industriarbeidar og Arbeiderpartipolitikar.

Sverre Johan Juvik (1922-2015) frå Hemnes i Nordland, busett i Årdal. Industriarbeidar og Arbeiderpartipolitikar.

Tilsett ved Årdal Verk frå 1950, arbeidsleiar frå 1959. Tillitsmann og leiar i Årdal kjemiske fagforening 1951-1958, og formann i Årdalsavdelinga av arbeidsleiarforbundet frå 1964.

Medlem av kommunestyret frå 1951 til 1958. Stortingsrepresentant frå 1969 til 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2015