Hopp til innhold
X
Innhald

Teigen Industriteknikk AS

i Øvre Årdal vart skipa i 2001 av Roy Kenneth Teigen med fleire. Verksemda i Årdal driv konstruksjon og vedlikehald av maskiner og anna industriutstyr. Teigen Industriteknikk hadde i 2006 13 tilsette, og i 2004 ei årsomsetning på knapt sju millionar kroner.

I 2006 kjøpte Teigen Industriteknikk lokala etter Stongfjord Mekaniske i Stongfjorden for å drive produksjon av stålkonstruksjonar til industrien og oljeverksemda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.07.2008