Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Årdal

Innbyggjarane i Naddvik var dei første i Årdal som fekk telefonsamband. Telefonsentralen var i våningshuset på garden Natvik (Viki). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innbyggjarane i Naddvik var dei første i Årdal som fekk telefonsamband. Telefonsentralen var i våningshuset på garden Natvik (Viki). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Medan nabobygda Lærdal vart knytt til telegrafnettet aust-vest i 1858 (sjå Lærdal kommune), skulle det gå lang tid før Årdal fekk telefonsamband. Kommunestyret søkte i 1896 om telefonline frå Lærdal til bygdene i Årdal.

Naddvik

I 1901 vart lina Lærdal-Naddvik bygd. Naddvik vart knytt til fjernvalnettet i 1978.

Nundal

fekk rikstelefon i 1902.

Ofredal

fekk telefonsamband i 1902 då det vart det lagt sjøkabel over til Ofredal frå Naddvik. Samstundes vart det bygd telefonliner både til Seimsdal, Årdalstangen og Øvre Årdal.

Seimsdal

fekk telefonsamband i 1902.

Årdalstangen

fekk telefonsamband i 1902. Årdalstangen vart automatisert i 1967 (eller 1972?) og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Øvre Årdal

fekk telefonsamband i 1902. Øvre Årdal fekk automatsentral i 1956, og var ein av dei første stadene i Sogn og Fjordane som vart automatisert. (I andre oppgåver står det at dette hende i 1961). Øvre Årdal vart knytt til fjernvalnettet i 1978.

I dette huset på Farnes var det telefonstasjon. Her heldt og snikkarverkstaden til Søverin Hestetun til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset på Farnes var det telefonstasjon. Her heldt og snikkarverkstaden til Søverin Hestetun til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011