Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg båtruter på Årdalsvatnet

Passasjerar med motorbåten Trygg på Årdalsvatnet. Ukjend fotograf. © Årdal Sogelag

Passasjerar med motorbåten Trygg på Årdalsvatnet. Ukjend fotograf. © Årdal Sogelag

Frå 1877 vart det organisert fast skyssing av turistar over Årdalsvatnet. Dampbåten "Nancy" vart sett i trafikk på Årdalsvatnet i mai 1898.

MB Aardalsfjord ved kai i Naustbukti i Øvre Årdal. Som vi ser mangla namnet her ein d for at det skulle bli korrekt rettskriving. © Årdal Sogelag.

MB Aardalsfjord ved kai i Naustbukti i Øvre Årdal. Som vi ser mangla namnet her ein d for at det skulle bli korrekt rettskriving. © Årdal Sogelag.

”Nancy” vart seinare omdøypt til "Årdal". Skipet var eigd av A/S Årdal Dampskipsselskap. I 1928 vart ”Årdal” avløyst av ein større båt som heitte "Aardalsfjord", og i 1936 kom motorskøyta "Astrid".

Jørgen Lægreid og Olav A. Lægreid dreiv også skyssbåtar på vatnet fram til vegsambandet Årdalstangen-Øvre Årdal opna i 1942.

Isen på vatnet gjorde det vanskeleg å ta seg fram med båt. Her får MB Aardalsfjord litt drahjelp. © Årdal Sogelag.

Isen på vatnet gjorde det vanskeleg å ta seg fram med båt. Her får MB Aardalsfjord litt drahjelp. © Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.04.2011