Hopp til innhold
X
Innhald

Tilbakegang og krakk

Brakka på Toppen i 1911. Foto frå arkviet til Hydro Aluminium.

Brakka på Toppen i 1911. Foto frå arkviet til Hydro Aluminium.

På 1920-talet lanserte tyskarane nye produksjonsmetodar for kunstgjødsel som berre brukte fjerdeparten av energien til Birkeland-Eyde-metoden. Hydro sine fabrikkar i Telemark produserte meir enn nok kunstgjødsel, og dermed vart det uaktuelt med gjødselfabrikk i Årdal.

Hydro disponerte langt meir vasskraft enn dei kunne bruke: I 1912 selde dei Vamma kraftstasjon i Glomma og i 1917 fallrettane i Matre. Dei vurderte også å selje Tyin i 1924, men let det vere.

Sjølv om brakkeleirane i Årdal vart dimensjonerte for langt over 500 mann, kom arbeidstyrken maksimalt opp i 283 mann (1919). Og det var svært lite samanlikna med tilsvarande kraftanlegg i Noreg på den tida.

Då krisa i verdsøkonomien kom etter krakket på New York-børsen i 1929, vart Årdal svært hardt råka. I staden for å trappe opp aktiviteten, slokna det heilt: Medan Hydro etter konsesjonsvilkåra plikta seg til å ha minst 150 mann i arbeid, var det i 1938 berre åtte mann i arbeid ved anlegga.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2011