Hopp til innhold
X
Innhald

Tommy Øren

Tommy Øren i Sogndal-trøya i 2010. Foto: Rune Fossum, NRK.

Tommy Øren i Sogndal-trøya i 2010. Foto: Rune Fossum, NRK.

Tommy Øren fødd 1980 frå Årdalstangen. Fotballspelar i klubbane Årdalstangen, Sogndal og HamKam. Dit reiste han 2006, men i 2009 returnerte han til Sogndal, der han la opp i 2010 etter å ha vore med på å spele Sogndal opp i Tippeligaen. I 2011 tok han til som trenar for Sogndal 2.

Han har delteke i fleire landskampar på gutelandslaga og U-landslaget, og debuterte på det norske A-landslaget mot Sør-Korea i 2001.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011