Hopp til innhold
X
Innhald

Tonny Nundal

Tonny Nundal. Foto: Haugesunds Avis.

Tonny Nundal. Foto: Haugesunds Avis.

Tonny Nundal er fødd i 1957 i Øvre Årdal, busett i Haugesund. Redaktør og adm. direktør. Cand. mag. frå Høgskulen i Sogn og Fjordane 1983.

Journalist i «Sogn og Fjordane» 1981-1985, Haugesunds Avis 1985 - 1991, NRK Sogn og Fjordane 1991-1992. Reportasjesjef i Haugesunds Avis 1992-1996, nyhetsred. i same 1996-1997. Prosjektredaktør i Orkla Media 1997-2000 og 2001-2002. Kulturredaktør i Haugesunds Avis 2000-2001. Sjefredaktør i Haugesunds Avis frå 2002 og adm. direktør i same frå 2003.

Sidan 2008 har Nundal vore kommunikasjonsdirektør i BKK, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011