Hopp til innhold
X
Innhald

Tore Torvund

Tore Torvund, fødd 1952 i Årdal, busett i Oslo. Konserndirektør.
Utdanna sivilingeniør i petroleumsteknologi ved NTH i 1976. Tilsett i det franske oljeselskapet Elf Aquitaine 1977-1982, der han arbeidde med ulike olje- og gassprosjekt.

Tilsett i Hydro i 1982. Der hadde Torvund først ulike leiarstillingar i divisjonen for utforsking og produksjon ved feltutviklingsprosjekt i Nordsjøen 1982–1990, og frå 1990 til 1992 var han assisterande direktør for boreoperasjonar. Frå 1992 til 1996 hadde Torvund ansvaret for Hydro si verksemd på norsk sektor, og frå 1996 til 2000 var han direktør og hadde ansvaret for utforsking og produksjon i Noreg.

Frå 2000 har Torvund vore konserndirektør i Hydro med ansvar for heile olje- og energiverksemda i konsernet. Ved samanslåinga av Statoil og Hydro sin olje- og gassdivisjon i 2007 vert Torvund konserdirektør med ansvaret for all utvinning og produksjon i Noreg. Han gjekk av frå stillinga i 2008 etter ei intern korrupsjonsgransking i konsernet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011