Hopp til innhold
X
Innhald

Transport til Årdal Koparverk

Koparverket transporterte trekol til Øvre Årdal og malm ut av bygda med båtar på Årdalsvatnet. Vi ser Gruvefjellet til høgre med gruvene i Blåberg i det mørke feltet heilt i høgre biletkant. Opp dit var det transport med hest og slede. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Koparverk som var i drift i vel 50 år i Øvre Årdal frå 1702, hadde eigne føringsbåtar for m.a. trekol over Årdalsvatnet. Dette var romslege robåtar med opptil fem årepar.

I tillegg hadde verket ei mengd mindre båtar, postbåt og tre vengebåtar for personskyss.

Verket bygde også køyreveg frå smeltehytta på Farnes og opp den brattaste lia til kopargruvene i Blåberg. Frå skogane i Ofredal kan ein enno sjå merke etter tømmervegen over fjellet til gruvene.

Proviant, setteved og utstyr vart frakta i ryggsekkar eller med hestekløv opp til gruvene 1500 m.o.h. Malmtransporten gjekk med slede om vinteren. Verket hadde opptil 27 malmsledar. Kongen eigde gruva, og malmkøyring var pliktarbeid for bønder i indre Sogn.

Les meir om samferdsla i Årdal.

På dette biletet ser vi gruveområdet i Blåberg med steintipp til høgre for midten. Hit opp vart det bygt veg for å transportere malmen med hest og slede. Oppe på fjellet til høgre i biletet var det og gruver. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.04.2011