Hopp til innhold
X
Innhald

Tyin-krafta ut av Årdal?

Kraftutbygginga til Tyinfaldene tok ikkje overdrive omsyn til miljøet. Tunnelmassen vart berre tippa utfor fjellsida som her mellom Biskopvatnet og Sletterust. Rundt hundre år etter er spora meir enn tydelege. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvre Årdal sett frå Heirsnosi i 1938. Krafta var bygd ut, vegen til Tyin var opna, men ingen visste kva krafta skulle brukast til. Foto: Mittet. © Årdal Sogelag.

Øvre Årdal sett frå Heirsnosi i 1938. Krafta var bygd ut, vegen til Tyin var opna, men ingen visste kva krafta skulle brukast til. Foto: Mittet. © Årdal Sogelag.

Hydro gjekk også på friarføter til Oslo kommune for å få selt Tyin-krafta til dei. Heilt frå 1936 forsøkte Hydro å selje anlegget til hovudstaden til reine dumpingprisar, men Oslo Lysverket valde å byggje ut sine eigne kraftverk i Hallingdal. Også ei svensk gruppe vart tilbode halvparten av Tyinfaldene utan at det kom til nokon avtale.

Situasjonen i 1940 var at Årdals-samfunnet etter 30 års anleggsdrift og utallige kriser sat med eitt av landets største kraftverk, bygd på eitt av landets mektigaste vassfall.

I mangel på lokal storindustri, leita no eigaren Norsk Hydro etter ein måte å kvitte seg med «problemet Tyin» på. Det som skulle bli berebjelken for det moderne Årdal var i ferd med å bli seld til spottpris austover. Kraftlinene mot Oslo var stukne då Årdal vart berga av dystre slag frå gongongen: Andre verdskrigen braut ut og sette ein stoppar for planane om utflagging av krafta. No skulle det bli nazistane som entra mansjen og tok andre runde i tevlinga om Tyinkrafta. Og så ironisk det enn kan høyrast:

Det rår liten tvil om det var tyskarane sine krigsplaner som vart avgjerande for at Tyin-krafta vart verande i bygda, som grunnsteinen for industrisamfunnet Årdal.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2011