Hopp til innhold
X
Innhald

Tyskarane satsar på Årdal

Hausten 1941 er anleggsarbeidet så smått i gang i Veshagane i Øvre Årdal. Foto: Nordag. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den tyske krigsmaskinen var på febrilsk jakt etter det lette «krigsmetallet» aluminium til krigsflya sine. Det hadde ikkje gått mange dagane etter invasjonen 9. april 1940 før direktøren for Junker-fabrikken kom til Noreg for å sikre norsk aluminium til den tyske flyfabrikken. Anleggsarbeidet kom i gang hausten 1941, og okkupasjonsmakta satsa store ressursar på bygginga. Men dei fekk aldri hauste fruktene av arbeidet. For arbeidskrafta deira - nordmenn og krigsfangar frå Aust-Europa og Frankrike - var ikkje av det mest "motiverte" slaget. Dermed gjekk arbeidet sakte, og då krigslukka snudde for tyskarane i 1944 gav dei opp heile prosjektet.

Hausten 1941 er anleggsarbeidet så smått i gang i Veshagane i Øvre Årdal. Foto: Nordag. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hausten 1941 er anleggsarbeidet så smått i gang i Veshagane i Øvre Årdal. Foto: Nordag. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hydro sel til Nordag

I oktober 1941 selde Hydro kraftverket sitt i Årdal til det tyske selskapet Nordag.

Som eit bombekrater!

Det vert sagt at allierte fly let vere å bombe dei tyske anlegga i Årdal fordi dei trudde det var bomba før...

5000 arbeidarar

Sommaren 1942 var Årdal som ei maurtue: 28 firma med til saman rundt 5000 tilsette var i aksjon.

Krigsfangar tek over

Anleggsarbeidet i Årdal gjekk ikkje akkurat på skinner, i 1943 vart bortimot 1900 krigsfangar sette inn for å få fart på sakene.

Årdalstangen i 1943. Nordag er i ferd med å byggje verkskaia, og fabrikkbygningane tek til å reise seg. Heilt i bakgrunnen ser vi brakkene i Saltviki, der tyskarane innkvarterte krigsfangane som måtte gjere det meste av arbeidet. Foto: Nordag. Eigar: Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.04.2011