Hopp til innhold
X
Innhald

Utladalen landskapsvernområde

Vettismorki med utsyn innover Stølsmaradalen mot Austre Ringstind. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vettismorki med utsyn innover Stølsmaradalen mot Austre Ringstind. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdalsfossen. Når vassføringa er som her står govet tvers over dalen og dusjar dei som går på vegen til Vetti. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdalsfossen. Når vassføringa er som her står govet tvers over dalen og dusjar dei som går på vegen til Vetti. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utla mellom Vetti og Vettisfossen. Vi ser hengebrua der stien tek av til Stølsmaradalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utla mellom Vetti og Vettisfossen. Vi ser hengebrua der stien tek av til Stølsmaradalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utladalen landskapsvernområde grensar inn til Jotunheimen nasjonalpark og strekkjer seg frå områda ved Tyin i sør til Feigumvassdraget i Luster i nord.

Verneområdet dekkjer 314 kvadratkilometer, og av desse ligg 226 i Årdal kommune. Kjernen i området er sjølve Utladalen som går nordaustover frå Øvre Årdal, og med Vettismorki og Vettisfossen med fritt fall på 275 meter som høgdepunktet i ein vill i vakker natur.

Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gamalt tre på Vettismorki. Foto: Karin Størdal.

Gamalt tre på Vettismorki. Foto: Karin Størdal.

Feigumvasssdraget renn mot nordvest, og her er Feigumfossen med 214 meter fritt fall godt synleg når ein køyrer langs Lustrafjorden.

I landskapsvernområdet langs Utladalen lagar sideelevar Hjellefossen, Avdalsfossen, Stølsmaradalsfossen, Fleskedalsfossen og Midtmaradalsfossen før dei renn ut i Utla.

Både Utlavassdraget og Feigumvassdraget er varig verna. På garden Skåri ved Hjelle er husa omgjort til Utladalen Naturhus som har informasjon om verneområdet og matservering.

På Vettismorki veks framleis eldgamal barskog. Både «Vettismorkgrana» og «Ilabakkfurua» er verna. Det same er «Liafurua» på Eldegard.

På Vettismorki like ovanfor Utladalen ligg turisthytta Ingjerdbu på 683 m.o.h. Den første hytta brann ned i 2001, men Ingjerdbu vart gjenreist i 2004. Sjå Reiselivsverksemder i Årdal.

I Skåri, der folkevegen til Vetti startar, finn du Utladalen Naturhus. Der er det ei utstilling som fortel om nasjonalparken og landskapsvernområdet. Der kan og turistane få seg mat og drikke før eller etter fotturen innover Utladalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.04.2011