Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa frå Årdal til Amerika

Seimsdøl var førstemann

I første halvdel av 1800-talet voks folketalet i Årdal enormt. Medan dei andre bygdene i Indre Sogn i tida frå 1815 til 1855 hadde ein folkeauke på 54 prosent, auka folketalet i Årdal med 72 prosent.

Seimsdøl var førstemann

Sikringsventilen for denne enorme folkeauken vart her som elles i landet, utvandring til Amerika. Det starta i 1844 då bonden Nils Torstenson Seim tok med seg heile familien og drog til Amerika.

1300 til Amerika

Frå den første årdølen vandra ut i 1844, reiste det fram til hundreårsskiftet kring 1300 årdøler til Amerika. Utvandringa gjorde at folketalet i bygda kring år 1900 berre var på om lag 1200 innbyggjarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011