Hopp til innhold
X
Innhald

Uversvinteren 1873 i Årdal

Husmannsplassen Årøyni  i venstre del av biletet vart utsletta natt til 9. desember 1873. I bakgrunnen ser vi Naddvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husmannsplassen Årøyni i venstre del av biletet vart utsletta natt til 9. desember 1873. I bakgrunnen ser vi Naddvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den 9. desember 1873 gjorde sterk snøsmelting og flaum store skadar med ras og tap av til saman 21 menneskeliv fleire stader i indre Sogn.
Hardast råka vart ein familie ved Årdalsfjorden, der åtte menneske vart drepne. Før mildveret med sju varmegrader sette inn, hadde det falle store snømengder. I fonnløpa kring Årdalsfjorden dundra veldige snømengder ned i fjorden, og rekved og torv gjorde fjorden mest uframkomeleg.

Heile familien utrydda

Om morgonen den 9. desember oppdaga folk at det også låg knust bygningsvirke og møblar og flaut mellom trestokkane i fjorden: Ein heil familie på sju menneske frå husmannsplassen Årøyni aust for Naddvik vart denne natta sopte bort saman med gardstunet. Husbonden og to døtre vart gravne fram frå tuftene, medan kona og dei tre yngste borna ikkje vart funne att.

Faren omkom i anna skred

Også på husmannsplassen Langrovi under garden Seim i Seimsdalen på andre sida av fjorden vart husa rivne bort av skred, og ein 88 år gamal mann – far til den omkomne husmannen på Årøyna - vart drepen. Også i 1652 hadde plassen Langrovi vorte rasert av eit jordskred. Uveret den 9. desember kravde elles sju familiemedlemer i Borlaugshagen i Borgund, fire menneskeliv i Øvstedalen i Sogndal kommune og to menneskeliv på ein husmannsplass i Kinsedal i Luster. - Les meir om desse ulukkene under Ulukker i Lærdal, Ulukker i Luster og Ulukker i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2011