Hopp til innhold
X
Innhald

Vatningsveiter

Dette kartet frå Bygdebok for Årdal viser vatningsveitene på Lægreid-sida på Årdalstangen.

Dette kartet frå Bygdebok for Årdal viser vatningsveitene på Lægreid-sida på Årdalstangen.

Desse reiskapane, reke og avskjer, vart brukte til å leie vatnet på rett veg. Foto frå Bygdebok for Årdal.

Desse reiskapane, reke og avskjer, vart brukte til å leie vatnet på rett veg. Foto frå Bygdebok for Årdal.

Dei indre Sognebygdene er mellom dei mest nedbørsfattige i landet. Difor har jordbruket frå gamalt av vore avhengig av kunstig vatning.

Opp mot 3000 meter lange

Spor etter samledammar og vatningsveiter finn ein i dei fleste bygder utover til Vik og Leikanger. I Øvre Årdal kunne vatningsveitene strekkje seg i opptil 3000 meters lengde. Heilt opp til 1000 meters høgd finn ein restar etter samledammar for vatnet.

Fordelt på åkrane

Herifrå fylgde vatnet det naturlege grovafaret ned til vatningsveita, som vart bygd som ei steinsett renne langs fjellfoten. I renna var det luker som kunne opnast for forsyning til dei ulike jordstykka. Ute på åkrane vart vatnet styrt ut gjennom furer og fordelt til heile åkeren ved at furene vart stengde med ei trekanta plate som vart kallast «avskjer».

Vatninga fylgde ein nøye oppsett timeplan for bøndene som eigde veita. Vatningsveitene t.d. på Eldegard var i bruk til kring 1960, i Naddvik vart veitene avløyste av meir moderne vatningsmetodar på 1950-talet.

I Naddvik var vatningsveitene i bruk til utpå 1950-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Naddvik var vatningsveitene i bruk til utpå 1950-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011