Hopp til innhold
X
Innhald

Vee Bensin og Bilrekvisita

Vee Bensin og Bilrekvisita. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vee Bensin og Bilrekvisita. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vee Bensin og Bilrekvisita vart starta på Vee i Øvre Årdal i 1957 av Olav Vee. Han dreiv også kiosk ved sida av.

Sonen Olav O. Vee hadde vore med sidan starten, og den andre sonen, Kjell Vee, kom med i 1966. Då Olav døydde i 1979 dreiv enkja Ingebjørg Vee kiosken vidare, medan svogeren Kjell Vee hadde bensinstasjonen.

Forretningsdrifta vart splitta i 1986 då bensinstasjonen sette opp nybygg. Kjell og seinare sonen Svein tok bensinstasjonen, medan Veekiosken vart driven vidare av Svein sitt syskenbarn Ole Vee.

I 2013 overtok Ann Helen Bukve Veekiosken.

Vee-kiosken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vee-kiosken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2013