Hopp til innhold
X
Innhald

Veg Årdalstangen-Øvre Årdal

Vegen Årdalstangen-Øvre Årdal vart opna i 1942. Vegarbeidet starta som naudsarbeid i 1934. A/S Tyinfaldene forskotterte, og ytte i 1938 også 100.000 kroner i tilskot til byggjing av vegen. I krigsåra var det A/S Nordag som forskotterte.

Det arbeidde opptil 500 mann på anlegget. Vegen hadde høg prioritet hjå okkupasjonsmakta som bygde krigsindustri i Øvre Årdal. Den lengste tunnelen på den nyopna vegen i 1942 var Steiggjetunnelen på 800 meter. I 1948 vart vegen øydelagd av ras ved Steiggjetunnelen, og vegen var stengd i omlag eit halvt år. I mellomtida måtte tungtransporten til og frå verket i Øvre Årdal gå med lekterar på Årdalsvatnet.

Steiggjetunnelen er seinare erstatta med ein ny tunnel på 1.585 meter, og elles er vegen mellom Tangen og Øvre utbetra og rassikra med ein mengd andre tunnelar.

Les også: Køyrevegar i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008