Hopp til innhold
X
Innhald

Vegane på nordsida av Årdalsfjorden

Vegen frå fjorden opp gjennom Ofredal vart opna i 1939.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen frå fjorden opp gjennom Ofredal vart opna i 1939.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygdevegen frå sjøen og opp Indre Ofredal vart bygd som eit sysselsettingsprosjekt i åra frå 1935 til 1939. Nedtrappinga av Tyin-anlegga gjorde at det var svært stor arbeidsløyse i Årdal på den tida. Opptil 40 mann fekk arbeid på veganlegget i Ofredal. - Les også under Gaular kommune om arbeidslause indresogningar som bygde veg over Gaularfjellet.

Seimsdal fekk veg via Seimsdalstunnelen til Årdalstangen i 1961. I fjellsida til venstre ser vi litt av vegen vidare mot Ofredal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Seimsdal fekk veg via Seimsdalstunnelen til Årdalstangen i 1961. I fjellsida til venstre ser vi litt av vegen vidare mot Ofredal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Årdalstangen-Seimsdal

vart teken bruk i 1961 som fullverdig køyreveg gjennom Seimsdalstunnelen (1551 meter). Første kravet om veg i Seimsdal vart fremja i 1893, men krangel og usemje gjorde at det gjekk 75 år før bygda fekk vegutløysing til Årdalstangen. Vegen opp dalen frå Seim til Dalåkre vart bygd i 1957.

Ofredalstunnelen vart kjend for byggjetabben som gjer at den frå før bratte tunnelen blir endå brattare mot opninga på Ofredal-sida. Tunnelen var mellom anna tema i TV-programmet ”Norske attraksjonar”. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Seimsdal-Ofredal

med 2200 meter tunnel vart opna i 1992. Det vekte lått landet rundt då det viste seg at arbeidslaget midtveges oppdaga at dei hadde drive 28 meter lågare enn tunnelen eigentleg skulle gå. For å rette på fadesen, vart tunnelen den siste halva noko brattare enn planlagt!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.10.2012