Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen Årdalstangen-Fodnes

Naddvik sett frå Brennfjellet på nordsida av Årdalsfjorden. Bygda fekk veg til Årdalstangen i 1982. Vegen vidare vestover til Fodnes vart opna i 1993. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naddvik sett frå Brennfjellet på nordsida av Årdalsfjorden. Bygda fekk veg til Årdalstangen i 1982. Vegen vidare vestover til Fodnes vart opna i 1993. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Årdalstangen-Naddvik vart opna i 1982, m.a. med Finsåstunnelen (2412 meter) og Kolnostunnelen (658 meter).

Vegen frå Naddvik til Fodnes ferjekai vart opna i 1993 med m.a. Timreskredtunnelen (1111 meter) og Bergmåltunnelen (1639 meter). Same året vart Fodnestunnelen (6604 meter) mot Lærdal opna. Dermed hadde Årdal vegsamband til omverda ved ei «fjordline». Årdal kommune skaut til saman inn 80 millionar kroner til Årdal-Fodnes.

I 1993 fekk årdølene ein god veg mot resten av fylket. Her ser vi austover mot Naddvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1993 fekk årdølene ein god veg mot resten av fylket. Her ser vi austover mot Naddvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inntil Amlatunnelen mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai vart opna i 1995, hadde Årdal ferjesamband med resten av fylket på strekninga Fodnes-Kaupanger.

Fodnes ferjekai med utsyn over fjorden mot Mannheller. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fodnes ferjekai med utsyn over fjorden mot Mannheller. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordsideveg vart avlyst

Årdal fekk altså sitt hovudsamband mot resten av Sogn og Fjordane med riksvegen på sørsida av Årdalsfjorden. I dag er det mindre kjent at politikarane i Årdal på 1960-talet arbeidde for ei fjordline på nordsida av Årdalsfjorden og vegsamband til Luster. Denne lina kom også med på riksvegplanen for fylket i 1967, men vart ikkje realisert. Tanken om ein låglandsveg mot Luster hadde nok den gongen samanheng med at det var mange lustringar som arbeidde på verket i Årdal og som pendla med arbeidsferja som gjekk mellom Årdalstangen og Solvorn. Dessutan leverte Luster mykje av mjølka til Årdal Meieri, og denne transporten var avhengig av båt.

Planane om veg på nordsida av Årdalsfjorden (til høgre i biletet) vart ikkje realiserte. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Planane om veg på nordsida av Årdalsfjorden (til høgre i biletet) vart ikkje realiserte. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om køyrevegar i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.04.2011