Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandsbanken

Sparebanken Vest i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Vest i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestlandsbanken skipa avdeling i Øvre Årdal i 1980 med Kåre Hestetun som banksjef. Heilt frå 1951 hadde det vorte vurdert lokal avdeling av Vestlandsbanken utan at det vart realitetar av det før i 1980.

Vestlandsbanken gjekk seinare inn i Fokus Bank, som frå 1985 også hadde filial på Tangen, og heitte då Fokus Vestlandsbanken.

I 2006 kjøpte Sparebanken Vest opp Fokus Bank sine filialar i Sogn og Fjordane for 220 millionar kroner - også filialane i Årdal. Men i 2013 la banken ned avdelinga i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2013