Hopp til innhold
X
Innhald

Vikinggarden Ytre Moa

Slik såg vikinggarden på Ytre Moa truleg ut på 900-talet. Animasjon: Arkikon.

Slik såg vikinggarden på Ytre Moa truleg ut på 900-talet. Animasjon: Arkikon.

Eitt av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal.

Pyntegjenstandar funne på Ytre Moa. Foto: Svein Skare, Bergen Muséum.

Pyntegjenstandar funne på Ytre Moa. Foto: Svein Skare, Bergen Muséum.

Rekonstruksjon av interiøret i eit hus på vikinggarden Ytre Moa på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Rekonstruksjon av interiøret i eit hus på vikinggarden Ytre Moa på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

I samarbeid mellom Bergen Muséum, Årdal Sogelag og ÅSV vart det på 1960-talet starta store utgravingar. Den viste ein gard som var dyrka opp, men fråflytta etter kort tid, truleg på grunn av vassmangel. Sidan har ikkje området vore dyrka, og det gamle gardsanlegget frå vikingtida er difor så godt som urørt.

På Ytre Moa er det fleire stader restar av hustufter som er gravne fram. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Ytre Moa er det fleire stader restar av hustufter som er gravne fram. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mange hustufter

Mykje av det gamle gardstunet har truleg rasa ut ved ein elveflaum i 1826. Likevel er det funne ei mengd hustufter, omlag 20 gravhaugar, ein bautastein og ei båtforma grav. Husa har hatt ei golvflate frå 30 til 45 kvadratmeter. Det torvkledde taket vart bore oppe av ein stolpekonstruksjon, veggane var mura av stein og torv, og midt i rommet låg eldstaden. I taket slapp røyken ut gjennom ljoren.

Øksehovud funne på Ytre Moa. Foto: Svein Skare. © Bergen Muséum.

Øksehovud funne på Ytre Moa. Foto: Svein Skare. © Bergen Muséum.

Fann reiskapar og smykke

I hustuftene har ein funne ei mengd restar etter kokekar, handkvern og verkty for hushald og gardsdrift. Her vart det også funne bronsesmykke med dyremotiv. I den båtforma grava vart det funne glasperler og våpen, og restar etter båtsaum som kan tyde på at den døde vart brend i ein båt.

Ytre Moa sett frå Tyin-vegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ytre Moa sett frå Tyin-vegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Informasjonsskilt på Ytre Moa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Informasjonsskilt på Ytre Moa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011