Hopp til innhold
X
Innhald

Westervik Sport

Forretningsbyugget som Ola Westervik bygde i 1958. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbyugget som Ola Westervik bygde i 1958. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Westervik Sport vart starta i Øvre Årdal av Ola Westervik midt på 1950-talet. I 1958 bygde han eige forretningsbygg.

I 1985 overtok Reidar Offerdal butikken og dreiv den vidare under namnet Sportshuset. Sportshuset vart aksjeselskap i 1992.

I 1991 flytta Sportshuset over i ”Soldal- bygget” der Einar Soldal hadde starta Årdal Elektriske i 1960. Dette firmaet vart overteke av eit elektrofirma i Lærdal, men då dette valde å slå butikken i Øvre Årdal konkurs, flytta Sportshuset inn i lokala.

Soldal-bygget, der Sportshuset heldt til frå 1991 til 2008. Motebutikken Sisters Point har også lokale der. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Soldal-bygget, der Sportshuset heldt til frå 1991 til 2008. Motebutikken Sisters Point har også lokale der. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Reidar Offerdal overtok i 2004 også den konkursråka motebutikken Sisters Point som låg i nabolokala. Offerdal har i dag sju tilsette og flytta i 2008 inn i nytt forretningsbygg i tilknyting til Samfunnshuset i Øvre Årdal.

Då Sportshuset flytta til ”Soldal-bygget” i 1991, vart det leiketybutikken Leikar og Hobby som flytta inn i ”Westervikhuset. Denne leiketybutikken hadde ekteparet Wenche og Arne Heggestad starta på Ve-sida i 1989.

I 1991 kjøpte dei ”Westervik-huset” og flytta forretninga over dit. I 2008 vart lokala overtekne av dottera Britt Heggestad som flytta parfymeriet Cleopatra dit. Parfymeriet hadde ho starta i 2004.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.02.2010