Hopp til innhold
William Cecil Slingsby. © Fylkesarkivet.
William Cecil Slingsby. © Fylkesarkivet.
X
Innhald

William Cecil Slingsby

William Cecil Slingsby (1849–1929) var ein britisk fjellklatrar og skribent. 

Slingsby leia i alt 15 fjellturar til Noreg i åra frå 1872 til 1903, og vert rekna som ein av dei fremste pionérane i norsk tindesport.

Slingsby kom frå ein rik overklassefamilie i Yorkshire i England som dreiv spinneri.

Den mest kjende bragden var då han i 1876 var den første som nådde toppen på Store Skagastølstind. Utgangspunktet for denne ekspedisjonen var Avdal i Øvre Årdal.

Seks gonger i Årdal

Slingsby nytta mykje den gamle skysstasjonen på Årdalstangen for ekspedisjonane sine i Jotunheimen. Denne skysstasjonen vart seinare Klingenberg Hotell, og i gjesteboka går det fram at Slingsby gjesta Årdal seks gonger. I 1875 tok Slingsby med systera Edith, som vart den første kvinnelege alpinturisten i Jotunheimen.

Klatra med Anfinn Vetti

I 1877 var han den første som klatra Stølsnostind saman med Anfinn Vetti frå Årdal. På førstegongsbestigningane av Austre Torfinnstind, Galdebergstind, Uranostind, Slingsbytind og Jervasstind i Jotunheimen i 1876 var Slingsby i fylgje med nordmannen Emanuel Mohn.

Store Skagastølstind. Slingsby var den første som klatra til topps. Foto: Jostein Nyfløtt, NRK.

Store Skagastølstind. Slingsby var den første som klatra til topps. Foto: Jostein Nyfløtt, NRK.

Utforska Jostedalsbreen

I 1874 gjorde Slingsby den første av fleire ekspedisjonar på Jostedalsbreen som han utforska både frå Nordfjord- og Sogne-sida. I 1881 gjekk Slingsby i fylgje med jostedølen Johannes Vigdal frå Tunsbergdalen i Jostedal til Høgste brekulen og ned den farlege Kjenndalsbréen til Lodalen. Same året gjorde dei to førstegangsbestigning av Store Hellstugutind og Mjølkedalstinden. I 1884 klatra Slingsby til toppen av Lodalskåpa frå Olden-sida saman med Lars Jansen Batalden (Batalde-Lars) og Jens Rustøen frå Olden.

Også tindane rundt Ålfotbreen

I 1894 utforska Slingsby den lite kjende brearmen Austerdalsbréen saman med breførar Mikkel Mundal frå Fjærland, og hadde elles fleire turar på breen saman med Mundal. William Cecil Slingsby klarta også på dei høgste tindane kring Ålfotbreen (sjå Kjende fjellklatrarar kring Ålfotbreen, Bremanger kommune), og vitja også Hornindal fleire gonger på ekspedisjonar til Sunnmørsalpane og fjella kring Hornindal og Sunnylven. Slingsby klatra også i Nord-Noreg.


William Cecil Slingsby og Mikkel Mundal på Austerdalsbreen.

William Cecil Slingsby og Mikkel Mundal på Austerdalsbreen.

Æresmedlem i DNT

William Cecil Slingsby vart utnemnd til æresmedlem i Den Norske Tindeklub i 1908, og til æresmedlem i Den Norske Turistforening i 1909.

Gav ut bøker om norske fjell

Frå klatreekspedisjonane sine i Noreg skreiv Slingsby «The Northern Playground» (Edinburgh 1904), og i norske utgåver «Til fjells i Norge» (i norsk utgåve ved Thor Bryn, Cappelen 1966) og «Norge den nordlige arena. Skisser til tindebestigninger og oppdagerferder i norsk natur mellom 1872 og 1921» (utvida og revidert utgåve ved Jan Schwartzott, Grøndahl/Dreyer 1998)

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.12.2017