Hopp til innhold
X
Innhald

Agentar og rassia på Atløy

Slike kajakkar vart sette i land i Granesundet i oktober 1943.

Slike kajakkar vart sette i land i Granesundet i oktober 1943.

I Tevika vest for Høyvik på Atløy vart agenten Karl Vilnes, som slekta frå Atløy, sett i land i november 1943 for å rapportere om skipstrafikken i kystleia.

Etter nokre observasjonsrundar på øya kom han til eit hus der han høyrde radiomusikk. Han fann dette merkeleg i tider med radioforbod, men torde ikkje undersøkje nærmare. Same natt vart han henta tilbake til Shetland.

Seinare er det kome fram at det var to andre karar som også gav seg ut for å vere agentar som sat i stova og kosa seg med ein støyande radio. Var dei ekte agentar, eller var dei provokatørar? Kvifor visste ikkje Vilnes om dei to andre når dei skulle vere sendt frå same sida i krigen?

I september same hausten vart karane i «Vestige»-gruppa (sjå: Krigshistoria i Askvoll) sett i land med kajakkane sine i Trælevikja på austida av Atløy. Medan desse låg i Trælevikja, sette Gestapo ein rassia i grendene Kalvik, Høyvik og Tevik like ved. Dei gjekk frå hus til hus utan å finne noko.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.06.2010