Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Askevold

Familien av Anders Askevold. © Blomqvist Kunsthandel.

Familien av Anders Askevold. © Blomqvist Kunsthandel.

Kunstmålar Anders Monsen Askevold (1834-1900), son av lærar og stortingsmann Mons Andersson Askevold.

Anders Monsen Askevold. © Fylkesarkivet.

Anders Monsen Askevold. © Fylkesarkivet.

Anders Askevold kom 13 år gamal i teikne- og målarlære hos Hans Leganger Reuch i Bergen. Seinare studerte han m.a. under professor Hans F. Gude i Düsseldorf og utdanna seg seinare i Paris som «dyremålar».

Kjend for romantiske motiv

Askevold vert rekna som ein av dei fremste norske romantiske målarane frå «Düsseldorfar-skulen». Han er mest kjend for romantiske motiv med kyr, og Vestlandsfjordar med ein dampbåt og jekter på fjorden.

Kyrkjer og altartavler

Askevold har m.a. vore arkitekt for Askvoll kyrkje, måla altartavla i Askvoll (1859), Solund (1860), Brekke kyrkje (1862), Dale kyrkje i Sunnfjord (1864), Kaupanger stavkyrkje(1865), Frøya kyrkje i Kalvåg (1865).

Bok om Askevold

I 2013 gav Selja forlag ut boka «Anders Askevold – vestlandsmålaren», forfattar Thor Warberg.

Eitt av mange måleri av Anders Askevold med motiv frå Sogn. Passasjerene ros ut til dampbåten (1895). © Blomqvist Kunsthandel.

Eitt av mange måleri av Anders Askevold med motiv frå Sogn. Passasjerene ros ut til dampbåten (1895). © Blomqvist Kunsthandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.11.2013