Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Grytten

Anders Johanssøn Grytten (d. 1687), prest i Holmedal 1655-1687. Utdanna som prest i Bergen, og vart utnemnd som prest av kongen personleg etter at det vart strid om utnemninga av ny prest i Holmedal.

Rikast i Sunnfjord

Grytten skaffa seg store jordeigedomar, og var den rikaste mannen i Sunnfjord på 1600-talet. Enkja Maren Munthe valde Hellevik (sjå Fjaler kommune) som enkjesete. Ho var av adeleg slekt og dotter til ein bergensbisp. I Holmedalskyrkja fekk ho bygd eige galleri for seg sjølv om slekta.

Ingeborg Grytten var dottera deira (sjå denne under Kjende personar i Askvoll fødde år 800-1800).

I Vevring kyrkje heng portrett av både sokneprest Anders og kona Maren Munthe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011