Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Sølvberg

Anders Sølvberg fødd 1938 i Askvoll. Siviløkonom og bankmann.
Han arbeidde ved utbyggingsavdelinga for Hordaland og Bergen 1967-1971. Kontorsjef og tiltakssjef i Askvoll 1971-1974, der han saman med ordførar Kåre Ness tok initiativet til finansiering og bygging av den såkalla Folkelånsvegen, som gav vegsamband til Førde i 1979.

Sølvberg vart i 1974 tilsett som banksjef i Sunnfjord Sparebank. Han leia oppbygginga av Sparebanken Sogn og Fjordane som administrerande banksjef frå den vart skipa 1988 og til 2001. Han har m.a. vore styremedlem i Sparebankforeningen Norge, Nor Forsikring og Bankenes Arbeidsgiverforening.

Sjå også: Forretningsfamilien Sølvberg

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011