Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas og Ragnvald Ringstad

frå Askvoll starta som anleggsentreprenørar i 1952. Då kjøpte dei inn ein traktor med hydraulisk gravearm – ein av dei første av dette slaget i Sunnfjord. Denne hadde utstyr for tilkopling av luftkompressor.

Tilhengar med hydraulisk tipp vart bygd ved Klausen Mekniske Verksted. Hydrauliske maskinar og luftkompressorar var ei stor lette i jord- og steinarbeid då det kom i bruk utover 1950-talet. Tidlegare hadde slikt arbeid vorte utført med handdrivne stubbebrytarar og mineboring for hand. Det første store arbeidsoppdraget for Ringstad-brørne var bygging av vassverket til Askvoll sentrum som stod ferdig i 1954.

I 1975 vart det bygt felles vassverk for Askvoll, Olset, Helle og Holmedal med Nyksvatnet som kjelde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2010