Hopp til innhold
X
Innhald

Arild Wåge

Dreiv på deltid med eigen praksis 1994–2000, og frå 2000 tilsett som leiar ved Nordplan sitt avdelingskontor i Førde.

Arild Wåge fødd 1950 i Askvoll, busett i Førde. Sivilarkitekt og professor. Utdanna arkitekt ved NTH i 1975. Arbeidde 1976–1977 ved Vestplan i Ålesund, frå 1977–1990 med eigen praksis på Stord og som kompanjong i eit arkitektfirma i Stavanger. 1990–1998 tilsett som spesialkonsulent i bygningsvern i Sogn og Fjordane fylkeskommune og 1998-2000 som overarkitekt og programansvarleg for tettstasutforming same stad.

Dreiv på deltid med eigen praksis 1994–2000, og frå 2000 tilsett som leiar ved Nordplan sitt avdelingskontor i Førde.

Var hovudlærar i arkitektur på deltid ved Bergen Arkitekt Skole 1998–2004 og frå 2004 professor same stad. Wåge vann Statens Byggeskikkpris i 1983 for eit bustadfelt på Stord. Han har m.a. hatt ei mengd tillitsverv i fagorganisasjonar, vore styreleiar i Norsk Stavkyrkjemuseum 1995–1997 og medlem i utvalet for kulturbygg i Norsk Kulturråd 1997–2001 og vore medforfattar for ei mengd publikasjonar om byggeskikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011