Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Stang

Arne Stang fødd 1948. Starta 1979 selskapet Welcon i Stongfjorden for produksjon av elektronisk utstyr til prosessindustrien (ÅSV/Hydro). Bedrifta flytta seinare til Øyrane i Førde, der selskapet etterkvart overtok SIVA sine tomter og bygningar.

Arne Stang er stor aksjonær i fiskeriselskapet Pan Fish, som i 2000 m.a. overtok Måløy Sildoljefabrikk A/S frå Stang. Arne Stang er no leiar av fiskefòr-divisjonen i PAN Fish (Pan Pelagic). Selskapa til Arne Stang hadde i 1999 ei omsetning på 440 mill. kroner.

Etter problema i Pan Fish i 2003 dreiv Arne Stang selskapa sine vidare under namnet Welcon Pelagic, m.a. med kontroll over fabrikkane i Måløy.

Hausten 2003 slo Welcon Pelagic seg saman med fiskemjølprodusenten Silfas, og kontrollerte dermed 70 prosent av den norske fiskmjølproduksjonen med ei årleg omsetning på kring 1,2 milliardar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011