Arnfinn Follevåg

Arnfinn Follevåg (1910-1978) frå Røyset. Lensmann og friidrettsmann. Lensmann i Askvoll frå 1961 til 1968. Som 20-åring vart han noregsmeister i høgde utan tilløp, og han vart noregsmeister i disiplinen i 1930, 1932, 1934 og 1937, og tok sølv i NM 1933. I 1934 sette han norsk rekord med 1,60 i stille høgde.
Far til Arvid A. Follevåg.

Arnfinn Follevåg passerer lista på eit friidrettsstemne i Askvoll på 1930-talet. Foto: Abraham Strømmen. Eigar: Maria Follevåg/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 29.07.2009