Hopp til innhold
X
Innhald

Arvid A. Follevåg

Arvid A. Follevåg. Foto: Steinar Bauge.

Arvid A. Follevåg. Foto: Steinar Bauge.

Arvid A. Follevåg fødd 1937 i Askvoll. Rådmann og organisasjonsmann. Utdanna ved Politiskulen, og gjorde teneste som politimann i Årdal, Naustdal og Fjaler, før han i 1970 vart formannskapssekretær i Fjaler kommune. Stillinga vart i 1975 endra til kontorsjef og seinare til rådmann. Follevåg var rådmann i Fjaler fram til 1998, då han tok eitt års engasjement som dagleg leiar for Hauglandssenteret.

Follevåg har hatt ei rad tillitsverv innan Røde Kors og idrett på lokal- og fylkesplan. I 2006 gav han ut historia om framveksten av Askvoll sentrum. Son til Arnfinn Follevåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011