Hopp til innhold
X
Innhald

AS Fiskeforsyning

I 1951 skipa Sogn og Fjordane Fiskesalslag selskapet AS Fiskeforsyning som skulle stå føre bygging og drift av til saman ni større og mindre kjølelager langs kysten av fylket.

Selskapet bygde i 1956 fryse- og kjølelager i Bulandet. Dette var eitt av fleire anlegg som fiskarane ville drive på samvirkebasis – ein ide som stod sterkt i organisasjonen på 1950-talet.

Liknande anlegg vart bygde i Bremanger, Solund, Raudeberg og på Stadlandet. (Sjå elles Stongfjordanleggene A/S.)

Eitt anlegg var planlagt på Byrknesøy, men det kom aldri. Det næraste anlegget kom på Ytrøy i Solund i 1969. Det viste seg vanskeleg å få lønsam drift på desse «samvirketiltaka» som fiskarane sjølve eigde, og dei anlegga som kom opp vart selde til private firma etter nokre vanskelege driftsår.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.06.2008