Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Melvær

Asbjørn Melvær. Eigar av foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Asbjørn Melvær. Eigar av foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Asbjørn Melvær (1908-1944) frå Bulandet. Fiskar. Arrestert 12. mai 1942 i aksjonen som Gestapo gjennomførte mot Bulandet–Værlandet etter Tælavåg–affæren (sjå Krigshistoria i Askvoll).

19 mann på øyane og tre mann på Grytøyra vart arresterte, tre av dei døydde i tyske konsentrasjonesleirar. – Sjå også Knut A. Landøy og Harald Myrvåg.

Asbjørn Melvær vart overført til Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Natzweiler, overført Dachau, overført Ottobrunn, overført Dautmergen, der han døydde 3.11.1944.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2009