Hopp til innhold
X
Innhald

Ask Pensjonat

Ask Pensjonat i Askvoll vart bygt av Erling Ask i 1934, etter at han hadde vore nokre år i Amerika og lagt seg opp pengar.
Heilt frå 1890-talet hadde svigerforeldra, Reinhard og Lene Ask,drive med landhanhandel på Røyset og romutleige i det såkalla ”Rein-huset” som dei bygde i 1898.

Ask Pensjonat hadde sju gjesterom. Ei tante til Erling Ask, Margit Ask, stod for den daglege drifta i mange år. Då realskulen starta i Askvoll i 1941, vart mange tilreisande elevar innhyste på pensjonatet.

Det meste av pensjonatet var rekvirert som offisersbustad under 2. verdskrig – samstundes som rømlingar som venta på skyss til England låg gøymde under trappa! Ein av desse ungdomane var den seinare forsvarsministeren Per Hysing Dahl frå Bergen. I 1970 tok Erling Ask sin son Rolf og ektemaken Magnhild over drifta av pensjonatet som vart lagt ned i 1980.

Pensjonatbygningen er  i dag bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pensjonatbygningen er i dag bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2010